Leke passord kan vere årsak til hacking av Dagbladet

Politiet etterforskar om eit leke passord er årsaka til det moglege hackarangrepet, som førte til at Dagbladet og fire andre nettstadar vart stengde torsdag.
innenriks

– Eg kan stadfeste at leke passord er ein av fleire teoriar vi i politiet jobbar etter, seier seksjonssjef for finans- og spesialetterforsking i Oslo politidistriktRune Skjold tilAdresseavisen.

Fleire Dagbladet-artiklar publiserte torsdag ettermiddag, vart endra, og det vart lagt inn grove, falske utsegner.

Ei publisert sak fekk tittelen «Erna Solberg sier det er greit» og ingressen «Pedofili er greit så lenge man ikke får sæd på barnet».

Nettsidene til Dagbladet, Se og Hør, Din Side, KK og SOL vart tatt ned torsdag klokka 17.50 som følgje av hendinga. Rundt klokka 21.15 torsdag kveld var alle nettstadane oppe igjen.

Adressa avslørte førre veke at passorda til over 2.700 tilsette frå VG, Aftenposten, Dagbladet, NRK og Adresseavisen har leke på nettet.

Politiet har etter angrepet jobba med å sikre tekniske spor, men vil ikkje gå i detaljar på korleis dei jobbar vidare med saka framover.

Dagbladet opplyser at dei har overlevert ei IP-adresse til politiet. Skjold ønskjer likevel ikkje å kommentere dette, eller om andre IP-adresser har vorte overleverte.

– Vi mistenkte at systema våre vart hacka, og leverte inn ei politimelding torsdag kveld. Der har vi òg levert ei IP-adresse, som vi har identifisert som problemet, seier sjefredaktør Alexandra Beverfjord i Dagbladet.

Statssekretær Rune Alstadsæter ved Statsministerens kontor seier til Medier24 at dei har vore i kontakt med Dagbladet om saka.

(©NPK)