Go-Ahead og Mantena samde om vedlikehaldsavtale for tog

Britiske Go-Ahead, som skal drifte Sørlandsbanen, har underteikna ein avtale med statlege Mantena om vedlikehald av toga. Avtalen gjeld for åtte år.
innenriks

Mantena er eigd av Samferdselsdepartementet og skal dei neste åtte åra vere totalleverandør for vedlikehald av toga på Sørlandsbanen.

Go-Ahead overtar drifta 15. desember og døyper om jernbanestrekningane som i dag blir kalla Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen, til Sørtoget.

– Vi er stolte og glade for avtalen med Go-Ahead, som stadfestar Mantenas posisjon i marknaden som ein leiande aktør i utviklinga av norsk jernbanesektor, seier administrerande direktør Kjetil Hovland i Mantena AS

(©NPK)