Ropstad: Unødvendig å greie ut forbod mot homoterapi

KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad ser ikkje behovet for å greie ut eit forbod mot konverteringsterapi. Han viser til at «kvakksalveri og overgrep» er forbodne.
innenriks

Høgres medlemmer i familie- og kulturkomiteen på Stortinget går inn for å greie ut eit forbod mot homoterapi. Dermed ligg det an til fleirtal for dette i komiteen, melde VG torsdag.

– Eg tenker det er unødvendig, fordi dette allereie er regulert i dag. Det er KrFs utgangspunkt, seier Ropstad, som også er barne- og familieminister.

– Veldig mykje av dette er forbode i dag, enten det er kvakksalveri eller rett og slett overgrep, utdjupar KrF-leiaren.

Debatten har blussa opp i samband med eit forslag frå Arbeidarpartiet i Stortinget om å forby homoterapi.

– Trur ikkje det verkar

Ropstad understrekar at han meiner mykje av det som har komme fram om konverteringsterapi i ulike trussamfunn, er uakseptabelt.

– Ein skal ikkje bli utsett for tvang eller i verste fall vald, seier han.

– Eg har sagt veldig lenge at eg ikkje har noko tru på konverteringsterapi. Eg trur ikkje det har effekt, verken at heterofile kan bli homofile, eller at homofile kan bli heterofile, gjennom terapi, fortsett KrF-leiaren.

Samtidig er han opptatt av å få fram nyansar i debatten om kva som blir definert som konverteringsterapi. Han viser til at alt frå forbønn til systematisk aktivitet på leirar no går inn i diskusjonen.

– Det som er veldig skadeleg mot sårbare menneske, er uakseptabelt. Samtidig må det i Noreg vere lov å ha eit konservativt syn på ekteskapet – Den norske kyrkja har til dømes opning for to syn knytt til det, seier Ropstad.

Trusfridom

KrF-leiaren åtvarar mot å lage eit forbod der ein person som kjem til ein prest og ønsker forbønn, ikkje skal få lov til det.

– Det er ikkje forbode i dag, og eg meiner heller ikkje det bør vere eit forbod mot det, seier han.

Ropstad åtvarar i den samanhengen mot å gripe inn i det som «sjølvsagt må vere lov i eit samfunn som bygger på trus- og ytringsfridom».

– Det kjem an på kva du definerer som konverteringsterapi. Viss det er forbod mot forbønn eller sjelesorg, vil det vere å gå ekstremt langt inn i eit trussamfunns indre saker. Då byrjar vi nesten å snakke om menneskerettane.

Ropstad meiner leiarar i trussamfunn har eit særleg stort ansvar, fordi dei møter sårbare menneske, som kan ha eit behov for nokon å snakke med.

Vil ha forbod

Å forby homoterapi er berre eitt av mange forslag i Aps pakke for å styrke LHBTI-politikken.

«I Norge har man i dag heller ingen forbud mot skadelig konverteringsterapi fra religiøse og terapeutiske miljøer. EU har nylig oppfordret sine medlemsland til å forby konverteringsterapi», heiter det i forslaget.

«Forslagsstillerne viser til at særlig barn og unge er sårbare stilt overfor slike miljøer og kan ta svært stor skade av slik virksomhet. Forslagsstillerne mener det må utvises nulltoleranse for slik virksomhet, og foreslår derfor et forbud».

Komiteen har frist til 3. desember med å komme med ei innstilling.

– Vi er mot konverteringsterapi og ønsker ei meir heilskapleg vurdering av alle sider ved eit forbod. Det vil vere tilrådinga vår til Høgres gruppemøte neste onsdag, seier komitéleiar Kristin Ørmen Johnsen (H) til VG.

Ap har signalisert at partiet sekundært vil stemme for ei utgreiing viss det ikkje blir fleirtal for forbod.

(©NPK)