Sjøforsvaret: – Det er trygt å vere i nærleiken av fregattane våre

Sjøforsvaret får hard kritikk etter Helge Ingstad-ulykka. Sjøforsvarssjefen meiner likevel at det er trygt å vere i nærleiken av krigsskip.
innenriks

– Ulykker som denne, skal ikkje skje, og vi må bli betre, sa Sjøforsvarets sjef, kontreadmiral Nils Andreas Stensønes, på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

Havarikommisjonen la same dagen fram rapporten sin om kva som skjedde då fregatten KNM Helge Ingstad kolliderte med tankskipet Sola TS for nøyaktig eit år sidan.

I rapporten fekk Sjøforsvaret kritikk på ei rekke punkt. Sjøforsvaret mangla mellom anna kompetansekrav til instruktørane, og vaktsjefen på fregatten, som hadde fått instruktøransvar, hadde for lite kunnskapar og erfaring.

– Det er trygt og skal vere trygt

Noko av det som kom fram i rapporten til Havarikommisjonen, var at mannskapet på brua på KNM Helge Ingstad oppdaga for seint at Sola TS var eit fartøy på kollisjonskurs og ikkje eit stasjonært objekt slik dei først trudde.

Til saman kjem Havarikommisjonen med ti tryggleikstilrådingar til Sjøforsvaret og Forsvarsdepartementet.

– Det blir veldig jobba konkret med kvar og ein av tryggingstilrådingane, pluss dei andre observasjonane som vi har gjort når vi har hatt ein grundig gjennomgang. Målet er at vi skal bli ein sikrare, dyktigare og meir effektiv organisasjon av dette, seier Sjøforsvarets sjef Nils Andreas Stensønes til NTB.

– Er det trygt for sivile skip å gå i nærleiken av Sjøforsvarets fregattar?

– Det er trygt og skal vere trygt. Det vi ser, er at her er det noko som har feila. Vi har fått konkrete råd for å rette opp i dei svake sidene som er peika på, og det gjer vi.

I Havarikommisjonens rapport blir det peika på at Sjøforsvarets mangel på kvalifiserte navigatørar har ført til at nye vaktsjefar vart klarerte raskare. Stensønes er likevel klar på at personellmangel ikkje skal gå ut over tryggleiken.

– Då skal vi tilpasse aktiviteten, treningsnivået og kven som gjer kva i kva for situasjonar, og det er det ansvaret til Marinen å sørgje for at vi gjer.

Vil styrke opplæringa

Stensønes er klar på at Sjøforsvaret stiller seg bak Havarikommisjonens skildring av hendingsgangen og funna som er relaterte til Helge Ingstad.

– Då er det naturleg at ein finn område som kan og må forbetrast, seier han.

Under pressekonferansen gav både Stensønes og marinesjef Rune Andersen uttrykk for at dei no vil styrke opplæringa av personellet.

– Marinen har starta arbeidet med erfaringslæring i god tid før rapporten var ferdig, og det er stort samsvar mellom dei funna og tilrådingane som kommisjonen kjem med i dag, og det arbeidet har vi allereie starta, seier Andersen, og held fram:

– Det er allereie innført krav om ekstra erfaring for dei som forvaltar i opplæringa, og vi vil følgje opp det punktet grundig slik at det blir systematisk implementert på alle fartøya, seier Andersen.


(©NPK)