Sjøforsvaret: Det er trygt å vere i nærleiken av fregattane våre

Havarikommisjonen kritiserer Sjøforsvaret etter Helge Ingstad-ulykka. Sjøforsvarssjefen meiner likevel at det er trygt å vere i nærleiken av norske krigsskip.
innenriks

Fredag la Havarikommisjonen fram den første delrapporten sin om fregattulykka, som skjedde for nøyaktig eitt år sidan. Etter å ha deltatt i NATO-øvinga Trident Juncture, kolliderte KNM Helge Ingstad med tankskipet Sola TS i nærleiken av Stureterminalen i Hjeltefjorden natt til 8. november i fjor.

Blant det som kom fram i rapporten, var at mannskapet på brua trudde at tankskipet var eit stasjonært objekt ved kai og at dei for seint oppdaga at skipet i realiteten var eit fartøy på kollisjonskurs. Sjøforsvaret meiner likevel at det er trygt for sivile skip å gå i nærleiken av Sjøforsvarets fregattar.

– Det er trygt og skal vere trygt. Det vi ser, er at her er det noko som har feila. Vi har fått konkrete råd for å rette opp i dei svake sidene som er peika på, og det gjer vi, seier Sjøforsvarets sjef Nils Andreas Stensønes til NTB.

Uerfarent mannskap

Havarikommisjonen understreka fredag at dei ikkje ønsker å fordele skuld i saka, men rapporten trekker fram ei rekke problematiske forhold knytt til mellom anna brubesetninga om bord på fregatten då ulykka hende.

– Vi har spesielt peika på at vaktsjefen leidde eit team beståande av fem unge meinige. Han hadde ein vaktsjef under opplæring, han hadde òg ein av dei fem meinige under opplæring. Sjølv hadde han relativ kort erfaring som vaktsjef på bru. Han vart godkjend sju månader før ulykka, seier seniorrådgivar Ingvild Ytrehus i SHT til NTB.

Undersøkingane fann òg at to av brubesetninga hadde redusert evne til å kunne sjå kontrastar. Samtidig er det knytt uvisse til metoden som vart brukt i undersøkinga og til grenseverdiane, og at det er ikkje krav til grense for kontrastsyn for å utføre bruteneste.

– Vi kan ikkje sjå at bort frå redusert synskvalitet hadde ei viss betydning, men vi meiner at andre faktorar, som at ein ikkje brukte radar eller AIS, har hatt vesentleg meir å seie for denne ulykka, seier Ytrehus.

Ein såkalla AIS-sender identifiserer skipet, og ifølgje rapporten var det ei utfordring for sjøsikkerheita at sendaren var i passiv modus utan kompenserande tryggingstiltak. Det blir vist til at dei andre aktørane i stor grad såg på AIS som primær kjelde til informasjon.

Fleire granskingar

Politiet etterforskar ulykka, og så langt har fire personar status som mistenkt. I tillegg til lósen på tankskipet, vaktsjefen på fregatten og operatøren ved trafikksentralen på Fedje, vart det fredag òg kjent at politiet vil avhøyre kapteinen på Sola TS som mistenkt.

Rapporten fredag var den første av to rapportar Havarikommisjonen skal publisere om ulykka. Den første rapporten tar for seg hendingsgangen fram til sjølve kollisjonen. Den neste rapporten skal handle om alt som skjedde etter kollisjonen, som til slutt enda med at fregatten sokk. Denne er venta neste år.

– Vi er godt i gang. Vi er i god dialog og har etablert tillit og respekt hos dei aktørane som er ramma. Vi skal jobbe hardt for å bli ferdig med rapporten neste år, seier direktør William Bertheussen i Havarikommisjonen til NTB.



(©NPK)