Nedgang på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs gjekk ned med 0,3 prosent onsdag, og enda med det på 900,83 poeng.
innenriks

Equinor og DNB vart dei mest omsette i dag, med handlar for høvesvis 549 og 383 millionar kroner. Hydrogenselskapet NEL kom på tredjeplass av dei mest omsette med 349 millionar kroner.

Equinor-verdien fall samtidig med 1,6 prosent, DNB gjekk opp med 0,1 prosent medan NEL fall med 2,4 prosent

Børsvinnaren i dag vart Thin Film Electronics som gjekk opp med 15 prosent, medan taparen vart Magseis Fairfield med ein nedgang på 10,4.

Aksjeeksperten til Nordnet spådde før opningstid at Oslo Børs ville falle i dag, mellom anna på grunn av børsfall i Asia onsdag.

– Oljeprisen har falle gjennom natta. Lågare vekstforventningar, og dessutan uvisse knytte til kuttavtalen til Opec har vore den viktigaste drivkrafta i oljemarknaden det siste døgnet, skreiv han i morgonrapporten sin.

Nordsjøolja gjekk for snautt 63 dollar fatet onsdag ettermiddag, drygt 3 prosent over prisen ved handelsstart.

I Frankfurt fall den tyske DAX-indeksen 0,5 prosent, medan CAC 40-indeksen i Paris gjekk ned 0,3 prosent. FTSE 100-indeksen i London fall 0,8 prosent.

(©NPK)