Snop og brus til velgjerd slepp avgifter

Produsentar og importørar som gir sjokolade og brus til velgjerande føremål, skal sleppe å betale avgifter for dei, har regjeringa vedtatt.
innenriks

– Dette handlar om å bruke sunn fornuft. Vi kan ikkje ha det slik at produsentar og importørar skal kaste varer framfor å gi dei til eit godt føremål, seier finansminister Siv Jensen (Frp) til NTB.

Det er i første rekke avgifter knytt til sjokolade- og sukkervarer, alkoholfrie drikkevarer, drikkevareemballasje og sukker som blir fjerna. Dermed kan julesnop bli gitt bort – avgiftsfritt.

I 2016 vart momsen på velgjerande matgåver fjerna, men nyleg vart regjeringa gjort merksame på ein gløggprodusent som ønskte å gi bort 4.000 flasker julegløgg som var gått ut på dato. Det ville likevel ha medført avgifter på 32.000 kroner. Alternativet var å tømme flaskene.

Saka førte til at det vart tatt affære, ifølgje Jensen, som no jobbar med å få eit regelverk på plass.

– Vi veit at ikkje alle har råd til alt i jula, derfor gjer matsentralane og frivillige organisasjonar ein viktig jobb i å sørgje for at flest mogleg får ei god jul. Det håper eg blir enklare no, seier Jensen.


(©NPK)