200 tilsette har fått permitteringsvarsel i Risa AS

Anleggsentreprenøren Risa AS har sendt permitteringsvarsel til 200 av sine tilsette, skriv Jærbladet.
innenriks

– Marknaden er framleis vanskeleg, og det er årsaka til at 200 tilsette no har fått permitteringsvarsel, seier Torill Sigurdsen, personalsjef hos Risa AS på Nærbø til avisa.

Bedrifta har ifølgje avisa 503 tilsette. Det er med andre ord omtrent 40 prosent som no blir permittert.

Sigurdsen seier at årsaka er for mange korte, sporadiske oppdrag. Det gjer det krevjande å ha så mange tilsette.

At Statens vegvesen har avlyst fleire planlagde prosjekt er òg ein medverkande faktor.

Ifølgje Stavanger Aftenblad omsette Risa for 1,85 milliardar i 2018, og gjekk med eit overskot på 35 millionar kroner.

(©NPK)