– Dette er eit viktig grep for å igjen kunne bli lønsame, skriv fungerande konsernsjef og finansdirektør Geir Karlsen i Norwegian.
Norwegian Air Argentina har floge innanriksruter i Argentina i to år. Etter planen skal dei tre flya til Norwegians Air Argentina bli fasa ut dei neste månadene. Flya skal så returnerast til Norwegians europeiske flypark.
– Det har vist seg vanskeleg å oppnå tilfredsstillande lønsemd for dotterselskapet i Argentina, på grunn av den generelle situasjonen i landet, skriv Karlsen.
Noko av årsaka er at hovuddelen av kostnadene i selskapet er i dollar, men inntektene i peso.
– Den kraftige svekkinga av pesoen mot dollar har skapt eit stort gap mellom kostnader og inntekter, skriv Karlsen.
(©NPK)