Tybring-Gjedde om pølseservering: – Første gong eg har fått gjennomslag i norsk politikk

Stortinget har likevel vedtatt å servere svinepølser under juletrefesten, etter sterk kritikk frå stortingspolitikar Christian Tybring-Gjedde (Frp).
innenriks

– Det er kjempefint. Det er første gongen eg har fått noko gjennomslag i norsk politikk. Dei har vel skjøna at dei har gjort ein tabbe, seier stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde (Frp) til TV 2.

Frp-politikaren reagerte sterkt på at det berre skulle serverast kyllingpølser og kanelsnurrar under Stortingets juletrefest 6. januar. Han skulda Stortinget for kulturell kapitulasjon.

– Dette skjer no fordi vi tilpassar oss og endrar tradisjonane vi har hatt i årevis på grunn av dei som flyttar til landet, sa han.

På få timar har juletrefestkomiteen på Stortinget snudd. No blir menyen endra.

– Vi har valt å servere kyllingwienar av praktiske grunnar. Det er pølser som dei aller fleste kan ete. Sidan dette no har skapt engasjement, vil vi meir enn gjerne òg servere andre typar pølser, seier stortingsdirektør Marianne Andreassen.

(©NPK)