Børsen slutta ned på den andre handledagen i veka

Hovudindeksen på Oslo Børs fall med 0,21 prosent og slutta på 938,61 poeng tysdag.
innenriks

Equinor var mest omsett, og enda ned 0,11 prosent. Deretter følgde Norsk Hydro (+1,33), Mowi (-0,39), DNB (-0,76) og Yara (-0,26).

Sjømatsektoren fall med 0,26 prosent, energisektoren gjekk ned 0,35 og shippingsektoren fall med 0,87 måndag.

Eit fat nordsjøolje vart omsett for 64,63 dollar og amerikansk lettolje kosta 58,25 dollar fatet tysdag ettermiddag, ein svak oppgang sidan måndag ettermiddag.

I Frankfurt var DAX 30-indeksen ned marginalt 0,03 prosent, medan CAC 40 i Paris var ned 0,02. I London var FTS 100 opp 0,07 prosent.

I USA var Dow Jones opp 0,3 prosent i 17,30-tida, medan S&P 500 var opp 0,04.

I Asia avslutta Nikkei-indeksen i Tokyo opp 0,73 prosent, medan Hongkong-børsen fall 0,24 prosent.

(©NPK)