Frp vil vite kva heimhenting av IS-sikta kvinne har kosta

Kor mykje har operasjonen med å hente ei terrorsikta kvinne og dei to barna hennar til Noreg kosta? Det krev Frps Jon Helgheim svar på.
innenriks

Fredag overleverte Helgheim, som er innvandringspolitisk talsperson i Frp, spørsmålet til utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H), skriv VG.

– Kostnadene har offentleg interesse. Så får det vere opp til folk flest om det er ein rimeleg pris å betale for å hente ein terrormistenkt til Noreg, seier Helgheim til avisa.

Arbeidet med heimhentinga av den 29 år gamle kvinna og barna, og eitt skal vere alvorleg sjukt, skal ha gått føre seg i fleire månader. Då saka vart offentleg kjent tysdag, utløyste det full krise i Solberg-regjeringa.

Frp, som har vore imot å hente heim mora, truar no med å gå ut av regjeringa dersom dei ikkje får gjennomslag for ei rekke, førebels ukjente, krav.

Frp-leiar Siv Jensen og statsminister Erna Solberg (H) skal møtast måndag for å diskutere kravlista.

(©NPK)