Jordskjelv utanfor Austevoll i Hordaland

Fredag morgon vart det registrert eit jordskjelv ved Austevoll utanfor Bergen.
innenriks

Jordskjelvstasjonen i Bergen registrerte fredag klokka 8.06 eit skjelv med ein styrke på 2,7, skriv Bergens Tidende fredag morgon.

Skjelvet fann stad eit par kilometer utanfor øykommunen Austevoll i Midthordland og vart godt merka av innbyggjarane i kommunen.

Overingeniør Berit Marie Storheim ved Universitetet i Bergen opplyser til avisa at skjelvet heldt seg innanfor styrken som er vanleg i Noreg.

(©NPK)