Politiet har fått klarsignal til å hente drapssikta nordmann i Ungarn

Ungarske styresmakter har allereie gitt norsk politi beskjed om at dei kan komme og hente 20-åringen som er arrestert i Ungarn, sikta for drapet i Prinsdal.
innenriks

– I dag fekk vi klarsignal frå ungarske styresmakter til å hente han. Det er veldig raskt. Det beste er om vi får avhøyrt han her. Vi vil prøve å få henta han så raskt som mogleg. Det blir tidlegast ein gong til veka, seier politiadvokat Anne-Marie Hustad i Oslo politidistrikt til NTB fredag ettermiddag.

20-åringen vart arrestert på grensa mellom Ungarn og Serbia torsdag. Det tok dermed altså knapt eit døgn før norsk politi fekk positivt svar frå dei ungarske kollegaene sine.

I alt tre unge menn frå Oslo er no sikta for drap eller medverknad til drap på Halil Kara (21). Han vart skoten i hovudet ved Prinsdal Grill søraust i Oslo for ei veke sidan.

Samtykte til fire veker

Ein 18 år gammal mann vart i Oslo tingrett fredag varetektsfengsla i fire veker. Han må sitje dei to første vekene i isolasjon. I tillegg er han pålagt brev-, besøks- og medieforbod. Dette er i tråd med kravet til politiet, som særleg grunngav det med faren for tap av bevis.

Sikta reknar ifølgje forsvararen sin, advokat John Christian Elden, med å bli sjekka ut av saka når ho er nok opplyst. 18-åringen samtykt til fengslinga.

– Han erkjenner ikkje straffskuld og stiller seg uforståande til kvifor han er arrestert og sikta i saka, seier Elden til NTB.

Hustad seier det er gjennomført eit første avhøyr av mannen.

– Han har vore villig til å svare på spørsmål, og avhøyret heldt i dag fram. Vi vil halde fram med å avhøyre han, seier ho.

Fengsla for andre forhold

Den tredje sikta i saka vart varetektsfengsla i fire veker torsdag.

– Vi sikta han seint i går kveld. Han vart varetektsfengsla tidlegare same dagen for eit anna forhold, men vart etter kvart knytt til denne saka, forklarer politiadvokaten, som er påtaleansvarleg i drapssaka.

Den 20 år gamle mannen vart arrestert tysdag fordi han tok vare på eit skytevåpen i Oslo sentrum, og vart altså òg sikta for drapet i Prinsdal eller for å ha medverka til det.

– Mannen er allereie varetektsfengsla på bakgrunn av grov ulovleg væpning på offentleg stad, opplyste politiet fredag formiddag.

Spent situasjon

Då han vart arrestert, var det andre gongen på kort tid at han vart tatt med våpen. Han er tidlegare domfelt for ikkje å ha etterkomme pålegget til politiet då han var involvert i eit masseslagsmål ved Bogerud T-banestasjon i fjor sommar.

«Siktede er godt kjent for politiet, og han har som nevnt en tilknytning til gjengmiljøet», heiter det i fengslingsrettsavgjerda frå Oslo tingrett. Der blir det òg poengtert at det dei siste vekene har «oppstått en svært spent situasjon mellom gjenger i Oslo sør og øst som siktede er en del av».

Politiet har ein meining om rollene dei tre sikta har tatt, men har framleis ikkje fått avklart kva som er drapsmotivet. Etter det NTB forstår, meiner politiet at 18-åringen ikkje var hovudgjerningsmannen, men at han har hatt ei medverkarrolle.



(©NPK)