Liten oppgang på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs gjekk fredag opp 0,3 prosent og enda på 929,24 poeng. Den siste veka har hovudindeksen auka 0,9 prosent.
innenriks

Omsetninga enda på 4,3 milliardar kroner. Energisektoren fall 0,4 prosent, sjømatsektoren steig med 1,5 prosent og shippingsektoren enda ned 0,5 prosent.

Equinor var mest omsett, men fall 0,4 prosent til 160,8 kroner. Dagens vinnar vart farmasiselskapet Photocure, som steig 16,7 prosent. Mowi og NEL gjorde det òg godt og begge selskapa hadde ein kursvekst på 2,4 prosent

Norwegian og Storebrand vart dagens taparar med fall på høvesvis 2 og 1,2 prosent. Dermed heldt fallet fram frå torsdag då dei to selskapa fall 4,6 og 3,6 prosent.

(©NPK)