Rettssak om riksveg 4 kan ta nesten eitt år

Det er sett av 50 veker til behandlinga av tvisten mellom Vegvesenet og utbyggjaren NCC om utbygginga av riksveg 4. Det vil i så fall vere ny noregsrekord.
innenriks

Ifølgje NRK bad partane opphavleg om 70 vekers behandlingstid.

Striden handlar om prislappen på arbeidet som er utført på utbygginga av riksveg 4 mellom Gran og Jaren. Prisen var opphavleg 1,1 milliardar kroner, men NCC har kravd 800 millionar kroner meir og stemna Statens vegvesen, ifølgje NRK.

Saka skal etter planen opp for Gjøvik tingrett til hausten. Det jobbar fire dommarar i tingretten, og éin av dei kan bli opptatt med den aktuelle saka i rundt to år – først eitt år i retten og så eitt år med skriving av dom.

– Det fører til at andre viktige valds- og krimsaker blir sette på vent. Det er uheldig og svært krevjande, seier sorenskrivar Ingjerd Thune.

Den lengste rettssaka nokon gong i Noreg så langt er, ifølgje professor Terje Våland ved Universitetet i Stavanger, krangelen mellom oljeselskapet Esso og offshoreselskapet Smedvig om produksjonsskipet Balder. Ho starta i Stavanger tingrett i mars 2000 og varte i 236 dagar.

(©NPK)