Uvanleg tung snø – viktig å moke hyttetak

Medan det er snøfritt i låglandet, er hyttetak fleire stader på fjellet dekte av uvanleg tung snø etter mildvêr.
innenriks

På Sjusjøen aust for Lillehammer er det etter mildvêret førre helg om lag 400 kilo snø per kvadratmeter, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.

Mange kan la seg lure av at dei har sett større mengder snø på hyttetaket tidlegare, men i år er snøen ekstra tung.

Ellen Tømte Hagen i bedrifta Storåsen, som mellom anna driv med snøbrøyting i området, seier at dei ikkje har opplevd så tung snø sidan 1995. Bedrifta har no to mann som berre mokar snø frå hyttetak, og det manglar ikkje på oppdrag.

For to veker sidan var det offisielle talet frå NVE 370 kilo snø per kvadratmeter. Det er høgare enn det Sintef Byggforsk og Direktoratet for byggkvalitet har som grenseverdiar for kva ei hytte bygd mellom 1979 og 1999 skal tole. Dei skal tole ei vekt på 350 kilo per kvadratmeter, noko som svarer til 90 centimeter våt snø.

– Problemet med ekstra tung snø ser ut til å vere størst i område mellom 700 og 800 meter over havet, der det har kome mykje snø i kombinasjon med fleire mildvêrsperiodar som har ført til at snøen har sokke saman, seier snøforskar Tuomo Saloranta i NVE til GD.

(©NPK)