Virusutbrotet i Kina rammar norsk sjømateksport

Eksporten av fersk laks til Kina har falle med 31 prosent så langt i år. Nedgangen kjem av effekten av koronaviruset.
innenriks

– Det største fallet har vore dei siste tre vekene. Målt i verdi har nedgangen likevel vore lågare, 1 prosent, som følgje av høge prisar på starten av året, seier Victoria Braathen, Sjømatrådets fiskeriutsending til Kina.

Etter kinesisk nyttår har innbyggarane i landet vorte oppmoda til å halde seg heime grunna virusutbrotet.

– Shanghai hamn melde torsdag om fulle fryselager og det blir oppmoda til at varene blir sende til andre hamner. For frosen fisk er det Qingdao som er den viktigaste hamna. Her blir det meldt om at det går meir eller mindre som normalt, seier Braathen.

Laks for andre marknader

Norsk eksport av fersk laks totalt hittil i år viser ein nedgang i volumet på 5 prosent, medan verdien har auka med 12 prosent.

– Som følgje av lågare eksport av fersk laks til Kina, er det meir tilgjengeleg laks for andre marknader, som til dømes USA, Sør-Korea og Taiwan, som igjen fører til ein reduksjon i pris, seier ho.

Sjømatanalytikar Paul Aandahl i Sjømatrådet opplyser at trass i dette er prisen over 20 prosent høgare hittil i år samanlikna med same periode i fjor.

– Den største priseffekten vil vi sjå på kort sikt. På lang sikt vil veksten i etterspørsel globalt overstige den mellombelse negative effekten, spår Aandahl.

Havfarmen ramma

Bygginga av milliardkonseptet Havfarmen til Nordlaks er òg rørt av virusutbrotet. Selskapet utset reisa til Kina for dei tilsette som skal arbeide på den store oppdrettsmodulen.

Han ligg langt unna episenteret for virusutbrotet, men det påverkar likevel bygginga. Karanteneavgjerder frå kinesiske styresmakter gjer det utfordrande for byggeverftet å få verftet i full drift etter feiringa av kinesisk nyttår.

– Ferien vart forlengt til 9. februar. Så har det vore nokre tiltak frå kinesiske styresmakter om at folk som reiser tilbake frå ferie må vere i karantene i fjorten dagar før dei kan stille på jobb igjen. Dette gjer det vanskelegare for verftet å skalere opp arbeidet etter ferien, seier kommunikasjonssjef Lars Fredrik Martinussen i Nordlaks til Intrafish.

Nordlaks skal bygge to Havfarmer, som kvar har form som eit skip, sett ovanfrå. Den første skal ligge i Hadsel i Vesterålen, den andre skal etter planen ligge utanfor Hamarøy.

(©NPK)