Økonomane ventar lønnsvekst på 3,0 prosent

Økonomiekspertar i finansnæringa og akademia ventar ein lønnsvekst på 3,0 prosent i år. Fagrørsla har tru på eit høgare tal.
innenriks

Det kjem fram i Noregs Banks forventningsundersøking for 1. kvartal, der økonomar i finansnæringa og akademia, partane i arbeidslivet, næringslivsleiarar og hushald er spurde om forventningane sine til den økonomiske utviklinga.

Økonomane seier dei trur på ein lønnsvekst på 3,0 prosent i år.

Dei spurde i fagrørsla ventar ein lønnsvekst på 3,3 prosent. Motparten på arbeidsgivarsida anslår årslønnsveksten til 3,1 prosent.

Det mest konservative anslaget kjem næringslivsleiarane med. Dei anslår lønnsveksten i eiga bedrift til 2,8 prosent i snitt.

Lønnsoppgjer i år startar i mars. Det er dei såkalla frontfaga som skal forhandle først.

(©NPK)