17 år gammal jente funnen død i Tromsø, to menn sikta

Ei 17 år gammal jente vart funnen død i ei leilegheit i Tromsø seint tysdag kveld. To menn er sikta og blir framstilte for varetektsfengsling torsdag.
innenriks

Politiet etterforskar dødsfallet som mistenkjeleg. 17-åringen vart funnen død i ei leilegheit i Tromsø sentrum.

Funn på åstaden gir politiet grunn til å etterforske om nokon kan ha forårsaka døden til jenta.

Varetektsframstilling

To menn i 20-åra er sikta, mistenkte for å ha forlate ein person i hjelpelaus tilstand. Dei blir framstilte for varetektsfengsling i Nord-Troms tingrett torsdag ettermiddag.

– Eg kan ikkje kommentere korleis dei to mennene stiller seg til siktinga, men dei lèt seg avhøyre uproblematisk, seier etterforskingsleiar Lene Fabek i Troms politidistrikt til NTB.

Fabek opplyser at politiet går etter fleire teoriar, mellom anna at narkotika har noko med saka å gjere.

Video og sosiale medium

Ifølgje Nordlys ønskjer politiet å sikre seg overvakingsvideoar frå ein daglegvarebutikk i nærleiken av åstaden. Det skal òg vere opplysningar frå åstaden på sosiale medium. Politiet opplyser at dei ønskjer å få tak i desse opplysningane.

Hendingsgangen er førebels uklar, og politiet etterforskar breitt. Dei sikta er kjende for politiet, opplyser etterforskingsleiar Fabek i Troms politidistrikt.

Ho legg til at den førebelse obduksjonsrapporten ikkje gir nokon klare årsaksforhold.

Politiet ønskjer kontakt med personar som kan ha informasjon om hendinga. Personar som har vore på staden der jenta vart funnen eller vore saman med henne, blir bedne om å ta kontakt med politiet.

(©NPK)