Ap: Regjeringa har distriktsminister, men ingen distriktspolitikk

Den borgarlege regjeringa manglar distriktspolitikk, og det å opprette ein ny statsrådspost har så langt ikkje hjelpt, meiner Ap-nestleiar Bjørnar Skjæran.
innenriks

– Det første Arbeidarpartiet skal gjere dersom vi kjem i regjering, er å byte ut distriktsministeren med distriktspolitikk som verkar, seier Skjæran til NTB.

Han meiner grepet regjeringa har tatt med ein eigen distriktsminister, ser komisk ut.

– Statsråden har møtt ferjeopprøret med å reise på svelesafari på ferjene rundt omkring i Noreg, men fylkeskommunane får ikkje verktøya som trengst. Det har så langt ikkje gitt nokon konkrete resultat, seier Skjæran.

– Det er freidig av Bjørnar Skjæran å gjere seg til forsvararen til distrikta etter at hans eigen landsdel Nord-Noreg vende Ap ryggen ved valet i fjor, svarer distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Vil styrke kommuneøkonomien

Skjæran viser til at Ap i dei alternative budsjetta sine vil styrke økonomien i større grad enn regjeringa, som på si side har skrytt av at kommuneøkonomien har vorte styrkt kvart år sidan dei kom i regjering.

Men Skjæran viser til at 84 prosent av kommunane ifølgje statsbudsjettet får realnedgang i frie inntekter i år.

I tillegg vil Ap mellom anna gi meir pengar til lokalsjukehus og politidistrikt, og dessutan gjere det billegare å pendle med bil. Dei har òg sett av meir pengar til ferjefylka og til dei rutene Widerøe køyrer på kortbanenettet.

Elfly og elbil

Regjeringa har systematisk gjort det vanskelegare å fly på kortbanenettet, meiner Skjæran.

– Widerøe ligg heilt i front i utviklinga av elfly og kan bli først i verda med utsleppsfrie passasjerfly. For å møte det som no skjer, må vi ha ein offensiv politikk som speler på lag. Kortbanenettet er òg avgjerande for den lokale verdiskapinga og industribedrifter som skal bidra til det grøne skiftet, seier Skjæran.

– Det same med bilen. Elbilen blir mest seld i byane fordi marknaden har gjort det lett å lade. Derfor vil vi legge til rette for fleire ladestasjonar i distrikta. Der marknaden ikkje gjer jobben som trengst, må fellesskapet ta rekninga, også i utkanten, seier Skjæran.

Helleland: God økonomi i kommunane

– Det har aldri vore så få kommunar med dårleg økonomi i Noreg, og medan Ap er mest opptatt av å diskutere statsrådspostar, er eg mest opptatt av å lytte til folk som har skoen på, for å gjere det endå betre å bu i Distrikts-Noreg, seier distriktsminister Helleland.

Ho viser òg til at arbeidsløysa no er den lågaste på ti år med 40.000 nye jobbar skapt i privat sektor det siste året.

– Mens Ap har ei overdriven tru på at statlege pengar er vegen til lykke, trur regjeringa på at sjølve ryggrada i Distrikts-Noreg er bedriftene som gir folk arbeidsplassar, seier Helleland.

Redusert kjøpekraft

Skatteopplegget til Ap vil komme nærare valet, seier Skjæran på spørsmål om korleis dei skal finansiere distriktspolitikken. Dei har vist korleis dei vil gjere det i dei alternative statsbudsjetta sine dei siste åra.

– Men det er ingen dramatikk i skatteopplegget vårt, tvert imot. Vi vil ta tilbake den omfordelande effekten i skattepolitikken, seier Skjæran.

– Heilt vanlege folk har under den borgarlege regjeringa fått redusert kjøpekraft for første gong sidan krigen. Det vil vi gjere noko med.

(©NPK)