Biskop vitjar brannskadde Dombås kyrkje

Fredag morgon reiser biskop Solveig Fiske i Hamar bispedømme til Dombås kyrkje, som natt til torsdag vart ramma av brann.
innenriks

– Det er viktig for meg å uttrykkje støtte til bygdefolket i ein vanskeleg situasjon og møte folk i staben, seier Fiske til Gudbrandsdølen Dagningen.

Ho var sist i kyrkja på ein bispevisitas for tre månader sidan i ei lysmesse.

Skadeomfanget etter brannen er enno uklart, men bilete frå innsida av kyrkja viser forkola kyrkjebenker, dører og ei altertavle som er full av sot.

(©NPK)