Fleire reparasjonar på elbilar enn andre bilar

Elbilar har fleire bilskadereparasjonar enn andre bilar, viser tal frå Finans Norge. Tesla toppar skadestatistikken.
innenriks

Statistikken er henta frå Finans Norges skadetakseringssystem.

I 2019 var om lag 14 prosent av alle elbilar i Noreg innom ein verkstad på grunn av skadar. Det same gjeld for 9 prosent av fossilbilane i same periode. Bilar av merket Tesla hadde ein skadefrekvens på 21 prosent, 7 prosentpoeng meir enn gjennomsnittet for elbilar.

Kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge trur forskjellane i talet på verkstadbesøk kjem av at ein bruker elbilar og fossilbilar ulikt.

– Mange bruker elbilane sine mykje i tettbygde strøk og byar. Dette kan vere noko av forklaringa, seier Neverdal.

Bensin- og dieselbilar av merka Citroën, Peugeot og Opel hadde færrast innrapporterte skadar i skadesystemet.

(©NPK)