Full klimakrig på Facebook

Facebook-gruppa «Folkeopprøret mot folkeopprøret mot klimahysteriet» har fått over 30.000 medlemmer på éin dag.
innenriks

Det byrja med Facebook-gruppa «Folkeopprøret mot klimahysteriet.», som vart oppretta 7. februar. Torsdag formiddag hadde gruppa vakse til snautt 108.000 medlemmer.

Den kraftige mobiliseringa har no fått motsatsen sin i Facebook-gruppa «Folkeopprøret mot folkeopprøret mot klimahysteriet».

På berre éin dag har talet på medlemmer vakse til over 33.000.

«Endelig et trygt sted å være hysterisk!» skriv MDG-profil Eivind Trædal spøkefullt i forumet, der det har vore livleg diskusjon sidan skipinga onsdag.

(©NPK)