HRS klaga på førelegg, får støtte av Redaktørforeininga

Norsk Redaktørforening gir Human Rights Service (HRS) full støtte i klaga på eit førelegg dei fekk for å publisere eit bilete. Frp krev svar frå justisministeren.
innenriks

HRS vart hausten 2019 gitt eit førelegg på 20.000 kroner og redaktør Rita Karlsen fekk eit førelegg på 8.000 kroner etter at dei publiserte eit bilete av inngangspartiet på kjøpesenteret Oslo City i 2017.

Biletet viser fleire tilfeldig forbipasserande personar. Ein av desse, ei kvinne med skaut, melde HRS for brot på regelen om «retten til eget bilde» i åndsverklova.

– Same ytringsfridom

Politiet ville leggje bort saka to gonger, men statsadvokaten ville ha vidare etterforsking, noko som altså enda med førelegg til HRS og Karlsen.

I eit brev til riksadvokaten understrekar generalsekretær Arne Jensen i Redaktørforeininga at Rita Karlsen og HRS har same ytringsfridom som andre.

Han skriv vidare at dersom førelegget blir ståande, og dette blir gjeldande rett i Noreg, vil det nærast gjere reportasjeverksemd frå offentlege stader og aktuelle hendingar umogleg.

Frp krev svar frå Mæland

Frps justispolitiske talsmann Per-Willy Amundsen reagerer òg på at HRS har vorte straffeforfølgd for noko alle norske medium gjer kvar dag. Han krev no svar frå justisminister Monica Mæland (H) i eit skriftleg spørsmål.

– Det er tydeleg at HRS har vorte behandla annleis i rettsprosessen, etter alle solemerke å dømme på grunnlag av politisk ståstad, og det er svært alvorleg. Eg vil gå så langt som å seie at det er antidemokratisk, seier Amundsen i ein skriftleg kommentar til NTB.

(©NPK)