Inger Cathrine Bryne blir ny administrerande direktør i Helse vest

Under eit ekstraordinært styremøte torsdag vart Inger Cathrine Bryne tilsett som ny administrerande direktør i Helse vest.
innenriks

– Eg er glad for å få denne moglegheita, og eg ser fram til å vere med på å vidareutvikle gode og likeverdige spesialisthelsetenester for befolkninga på Vestlandet, seier Inger Cathrine Bryne i ei pressemelding frå det regionale helseføretaket.

Bryne kjem frå stillinga som administrerande direktør for det lokale helseføretaket Helse Stavanger.

Ho byrjar i stillinga i Helse vest 23. mars i år.

Bryne tar over etter Herlof Nilssen, som i fjor haust varsla at han ønskte å gå av etter 18 år som direktør. Han går over i ei anna rolle i organisasjonen.

(©NPK)