Kvinne funnen livlaus i Kvinnherad – døydde på sjukehus

Kvinna i 20-åra som vart funnen medvitslaus i eit bustadområde i Kvinnherad laurdag formiddag, er død, opplyser politiet.
innenriks

Kort tid etter at kvinna var funnen, vart ho flogen til Haukeland sjukehus. Torsdag opplyser politiet til Bergens Tidende at kvinna er død.

– Vi held fram med å undersøkje saka, men det er ingen grunn til å tru at det har skjedd noko kriminelt, seier lensmann Sigurd Børve i Kvinnherad til avisa.

Kvinna i slutten av 20-åra vart laurdag morgon meld sakna av familien sin i Herøysund.

(©NPK)