Oslo politidistrikt aukar kapasiteten på passkontora

Frå 1. april aukar Oslo politidistrikt bemanninga på passkontora sine på Grønland i Oslo og i Sandvika i Bærum for å møte behovet.
innenriks

Kontora vil òg halde laurdagsope frå 4. april til og med 27. juni, med unntak av på påskeaftan, for å ta unna etterspurnaden føre sommaren.

– Vi ber dei som ikkje har behov for nytt pass med ein gong, om å vente til vi har betre kapasitet i april, seier leiar Lars Borge Blomquist ved passavsnittet i ei pressemelding.

Frå 15. april vil det i Oslo politidistrikt berre vere mogleg å søkje om pass med førehandsbestilt time. Det vil ikkje lenger vere mogleg med fysisk oppmøte til drop-in, men det vil bli lagt ut eit avgrensa tal ekstra timar per dag på nettsidene til passkontoret.

(©NPK)