Regjeringa vidarefører handlingsplan mot æresvald og negativ sosial kontroll

Regjeringa vil vidareføre og styrke innsatsen mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald med ein ny handlingsplan frå 2021.
innenriks

– Å sikre at barn og unge får leve i fridom frå negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er ein av dei viktigaste fridomskampane i vår tid, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande i ei pressemelding.

Den nye handlingsplanen får tittelen «Frihet fra negativ sosial kontroll og æresrelatert vold».

Med handlingsplanen ønsker regjeringa å auke merksemda om hjelpebehovet blant nykomne flyktningar og innvandrarar, for å førebyggje tilfelle av sosial kontroll og æresrelatert vald tidlegare.

(©NPK)