Renovasjonsselskap frifunne for miljøkriminalitet

Renovasjonsselskapet Ivar i Rogaland er i Jæren tingrett frifunne for miljøkriminalitet gjennom eit ukontrollert utslepp i eit vassdrag.
innenriks

To av dei tilsette er òg frifunne for å ha bidrege til at kompost vart lagra utandørs i eit massedeponi som høyrde til Stangeland Maskin AS. I frifinninga la retten til grunn at ordninga var meint å vere mellombels, skriv Stavanger Aftenblad.

Etter eit kraftig regnvêr hausten 2018 vart det målt svært høge verdiar av fosfor og nitrogen i ein bekk som går ut i Lutsivassdraget. Både selskapet og ein entreprenør vart meld av Fylkesmannen for å ha lagra komposten på ein måte som førte til at vassdraget vart ureina.

(©NPK)