SSB spår investeringsvekst på 4,2 prosent i 2020

Anslag for 2020 antydar ein samla investeringsvekst på 4,2 prosent innanfor olje og gass, industri, bergverksdrift og kraftforsyning.
innenriks

Investeringar innanfor olje og gass skal vere pådrivaren til auken, viser tal Statistisk sentralbyrå.

Industrien ventar på si side ein klar investeringsnedgang i 2020 og bidreg dermed til å dempe den totale investeringsveksten.

Samla investeringar innanfor olje og gass, industri, bergverksdrift og kraftforsyning i 2019 var heile 15 prosent høgare enn i 2018.

Tala for 2019 viser at samla investeringar innanfor olje og gass, industri, bergverksdrift og kraftforsyning utgjorde 249,7 milliardar kroner.

Den kraftige oppgangen kan i stor grad knytast til auka investeringar i olje- og gassnæringa, men eit svært høgt investeringsnivå innanfor industrien bidrog òg positivt.

(©NPK)