Salmonella påvist hos fleire kattar på Austlandet

To kattar på Ringerike er stadfesta smitta av salmonella, og fleire dyreklinikkar på Austlandet melder om eit aukande tal kattar med salmonellasymptom.
innenriks

Det opplyser Mattilsynet og Veterinærinstituttet på nettsidene sine.

– Fleire av dei sjuke kattane er rapporterte å ha fanga småfugl, seier veterinær Hannah Joan Jørgensen ved Veterinærinstituttet.

Salmonellasmitte kan overførast frå dyr til menneske, og god handhygiene er viktig dersom ein mistenkjer at katten er smitta.

(©NPK)