Store skadar etter brannen i Dombås kyrkje – kyrkjeorgel totalskadd

Det nye kyrkjeorgelet til fleire millionar kroner gjekk tapt i den omfattande brannen i Dombås kyrkje natt til torsdag. Kyrkjebygget har òg store skadar.
innenriks

Bilete frå innsida av kyrkja viser forkola kyrkjebenker, dører og ei altertavle som er full av sot. På golvet er det svartbrend isolasjon og anna materiale som har falle ned frå takkonstruksjonen i kyrkja.

Det er òg store skadar i inngangspartiet, og fleire vindauge er knuste, ifølgje Gudbrandsdølen Dagningen.

– Dette er heilt tragisk. Kyrkja er eit viktig samlingspunkt og eit historisk bygg, sa ordførar Astrid Skomakerstuen Ruste (Ap) i Dovre kommune til NTB torsdag morgon.

Brann i fleire timar

Det var klokka 03.13 natt til torsdag at brannalarmen gjekk i kyrkja frå 1939, som er mura i sparagmitt frå Gudbrandsdalen, ofte kalla Jøndalsstein.

Brannkorpsa frå Dombås, Dovre, Otta og Lesjaskog rykte ut til staden, men brannen var vanskeleg å sløkkje både på grunn av vind og konstruksjonen til kyrkja.

Ved 4.30-tida vart det meldt om mykje røyk frå spiret, og at det var mykje vind på staden. Like før klokka 5 hadde brannen spreidd seg til utsida av kyrkja. Sidan kyrkja ligg nær fleire bustader, var det frykt for spreiing, og kommunen vurderte å setje krisestab.

Ved 6.15-tida opplyste politiet til NTB at det var kontroll på kyrkjebrannen.

Fryktar kyrkjeorgel har gått tapt

Krosskyrkja er teikna av arkitektane Magnus og Espen Poulsson. For nesten nøyaktig eitt år sidan fekk kyrkja eit nytt orgel i samband med 80-årsjubileet til bygget.

Orgelet er ifølgje TV 2 verd rundt 4 millionar kroner. Torsdag ettermiddag opplyser organist Jørgen Brandli til VG at orgelet er totalskadd.

– Vi har gledd oss stort over orgelet. Vi hadde ein stor innsamlingsaksjon, og det var viktig for oss, seier rådsleiar Guri Ruste i Dovre kyrkjelege råd til kanalen.

Altertavla i kyrkja er måla av Greta Thiis og viser Kristus i mandorla, flankert av ti scener frå Jesu liv og lidingshistorie og ti mindre bilete med kross og blomstermotiv.

Ifølgje operasjonsleiar Per Solberg i Innlandet politidistrikt er det førebels vanskeleg å seie noko kor stor skade dei ulike gjenstandane i kyrkja har fått i brannen, men at det er sot-, røyk- og vass-skadar på heile inventaret.

Ukjend brannårsak

Det vart først meldt at brannen starta ved hovudinngangen, men ifølgje operasjonsleiar Solberg var det torsdag formiddag for tidleg å seie noko om årsaka.

– Det er for tidleg. Vi vil undersøkje i kyrkja, men vi må vente på til det er klart til at vi kan gå inn i kyrkja, seier Solberg.

Politietterforskinga vil bli eit samarbeid mellom krimteknikarar og fagpersonell som elektrikarar og liknande, forklarer han.



(©NPK)