To personar omkom i skred på Svalbard

To tyske statsborgarar er stadfesta omkomme i eit snøskred på Fritjovbreen sør for Barentsburg. Det stadfestar Sysselmannen til NTB.
innenriks

Følgjet dei var ein del av bestod av to guidar og fem utanlandske turistar. Turen vart gjennomført i regi av russiske turistselskapet Arctic Travel Company Grumant.

Sysselmannen jobbar no med å varsle pårørande, men kan førebels ikkje gi meir informasjon om alder og kjønn på dei omkomne.

Leitemannskap måtte ta seg inn til fots og med snøscooter for å søke då to personar vart melde sakna på breen ved 14.50-tida. Forholda gjorde det for vanskeleg for helikopter å ta seg heilt fram til området, mellom 15 og 20 kilometer frå Barentsburg.

Helsepersonell og personell frå Sysselmannen tok seg fram til skadestaden.

Ifølgje yr.no er det liten kuling i området, medan Varsom.no har opplyst om moderat skredfare.

Barentsburg er ein russisk gruveby på Spitsbergen på Svalbard. I 2011 var det om lag 435 innbyggjarar i byen, dei fleste av dei russarar og ukrainarar.

Gruvebyen ligg ved Grønfjorden, ei sørleg grein av Isfjorden rundt 10 kilometer innanfor munningen og 60 kilometer vest for Longyearbyen.

(©NPK)