Trine Skei Grande: Klimastreik er ikkje gyldig fråvær

Deltaking i skulestreik for klimaet er vanlegvis ikkje gyldig fråvær, fastslår kunnskapsminister Trine Skei Grande (V).
innenriks

Det er Framstegspartiets stortingsrepresentant Roy Steffensen som har kravd kunnskapsministeren svar på om skulestreik for klimaet kvalifiserer til gyldig fråvær.

Han viser til at det er varsla ein ny klimastreik fredag 24. april.

Kunnskapsminister Trine Skei Grande (V) skriv i svaret sitt at «politisk arbeid» kan gi dokumentert fråvær i vidaregåande skule, men at orda arbeid indikerer at det må meir til enn alminneleg deltaking i elevstreik. «Slik dagens regler er utformet, vil derfor deltakelse i en elevstreik som oftest ikke gi dokumentert fravær», konkluderer ho.

Grande vil likevel ikkje rå mot streik.

«Det å redde jorda er en så god grunn til å ta en udokumentert fraværsdag at jeg mener alle elever som gløder for saken, og som er trygt innenfor en sunn fraværsprosent, kan vurdere å delta på en slik markering», skriv ho.

Steffensen er usamd.

– Å skulke reddar ikkje klimaet. Tvert imot, skal vi forme eit betre samfunn, så treng vi at morgondagens ingeniørar, biologar og fysikarar er betre enn dei vi har i dag, og då er skulen rett stad å vere, seier han.

(©NPK)