Virus fører til høg laksedødelegheit

Eit laksevirus, som fører til at hjartet sprekk, spreier seg frå oppdrettsanlegg til oppdrettsanlegg. Ein vaksine er langt unna, ifølgje Veterinærinstituttet.
innenriks

Sjukdommen heiter kardiomyopatisyndrom (CMS), og han oppstår gjerne når laksen blir utsett for stress og etter ulike metodar for avlusing, skriv Bergens Tidende.

Det finst på noverande tidspunkt verken ein vaksine eller ein offentleg plan for å kjempe mot sjukdommen.

– Det spesielle med viruset som forårsakar sjukdommen, er at det så langt ikkje har vore mogleg å dyrke det. Det er eit hinder for å utvikle vaksine. Det vil ta lang tid å utvikle ein vaksine som verkar, seier fiskehelseansvarleg Ingunn Sommerset ved Veterinærinstituttet til avisa.

Sjukdommen medfører ofte betydelege økonomiske tap for oppdrettarane, fordi han ofte rammar stor og slaktemoden fisk. I Vestland fylke vart det i fjor registrert virussmitte i 35 oppdrettsanlegg – opp frå 28 i 2018 og 24 i 2017.

Veterinærinstituttet trur likevel det reelle talet er meir enn dobbelt så høgt, fordi sjukdommen ikkje er rapporteringspliktig. Dermed påviser òg private laboratorium virussmitte hos fisk, i tillegg til Veterinærinstituttet.

(©NPK)