Bane Nor byggjer nytt skredoverbygg på Bergensbanen

Bane Nor har vedteke å byggje eit nytt skredoverbygg i stål ved Hallingskeid på Bergensbanen etter at eit snøskred gjorde stor skade førre veke.
innenriks

Bane Nor skal byggje eit nytt skredoverbygg aust for Klevabrua mellom Myrdal og Hallingskeid, der det gjekk eit snøskred måndag førre veike, skriv Bergens Tidende.

– I det området har vi eit snøoverbygg som vi no har vedteke å oppgradere. Snøoverbygget er av tre. No vil vi setje opp eit overbygg i stål som gjer at skred kan gå over taket, seier områdedirektør Tony Dæmring i Bane Nor.

Skredet gjorde skade på store delar av eit snøoverbygg på staden. Kontaktleidningen vart òg riven ned på strekninga. Bergensbanen var stengd i tre dagar etter skredet.

Bane Nor gjer likevel førebels ikkje noko med skredtiltaka på Flåmsbanen og Upsete stasjon, der det gjekk snøskred same veke. Natt til søndag måtte 115 togpassasjerar overnatte i eit tog som køyrde rett inn i snømassane etter eit snøskred ved Upsete stasjon.

(©NPK)