Kværner ber aksjonærane om å ikkje ta ut utbyte

Kværner-styret har sendt ut ei oppmoding til aksjonærane sine om å vedta nullutbyte. Negotia ber norske selskap om å gjere som Kværner i koronakrisa.
innenriks

Det planlagde utbytet var på 0,50 kroner per aksje og ville svara til 134,5 millionar kroner. Styret i Kværner, i full semje med Kværner-administrasjonen, har bede aksjonærane om å ikkje godta utbytet på generalforsamlinga 24. mars.

Fagforbundet Negotia, som organiserer tilsette i privat sektor, meiner det er eit klokt standpunkt i ei utfordrande tid.

– No er det nødvendig at verksemdene tek solidariske grep for å sikre eit liv òg etter at koronakrisa er over. Eg vil oppmode aksjonærar i andre selskap til å avstå frå utbyte slik Kværner legg opp til, seier Negotia-leiar Monica A. Paulsen.

Kværner vedtok òg å donere fem millionar kroner til kvar av dei kommunale helsestyresmaktene i kommunane Stord og Verdal. Dei totalt ti millionar kronene vil bidra til å hjelpe dei ulike instansane med å redusere spreiinga av koronaviruset.

I tillegg har selskapet donert verneutstyr, inkludert vernande ansiktsmasker og vernedrakter, til dei lokale helsestyresmaktene.

(©NPK)