Kripos åtvarar: Eldre er sårbare for korona-svindel

Rapportar frå inn- og utland viser at særleg eldre blir utsett for mange forsøk på svindel i samband med koronapandemien.
innenriks

Mellom anna har Interpol meldt om falske nettsider og profilar på sosiale medium som tilbyr sal av verneutstyr og medisinsk utstyr som ikkje eksisterer, opplyser Kripos i ei pressemelding. Ofte ber dei om betaling på førehand, deretter blir ikkje noko sendt.

Det finst òg mange døme på at kriminelle gjennom telefon og e-post gir seg ut for å vere helsepersonell som prøver å få tak i kortinformasjon. Rådet frå Nasjonalt cyberkrimsenter er å aldri gi bort slik informasjon.

Også mot næringslivet er det avdekt ei rekkje svindelforsøk.

(©NPK)