Regjeringa vil garantere for kriselån til små og mellomstore bedrifter

Regjeringa foreslår at staten garanterer for 90 prosent av lånesummen til mindre bedrifter som er ramma av koronakrisa. Obligasjonar skal hjelpe dei store.
innenriks

Lånegarantien vil kome små og mellomstore bedrifter til gode.

– Når staten garanterer for ni av ti kroner, kan bankane bidra til at lånekundar som no er hardt ramma av inntektsbortfall, kan skaffe seg finansiering til å kome seg gjennom denne tøffe tida. Det vil gjere at vi vernar arbeidsplassar, og at vi unngår at lønnsame bedrifter går tapt, seier finansminister Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding.

Bankane kan bruke garantien til lån på inntil 50 millionar kroner for kvar bedrift. Løpetida må vere på maksimalt 3 år, ifølgje forslaget. Garantiordninga vil berre gjelde nye lån. Til saman blir det sett av 50 milliardar kroner til lånegarantiane.

Ordninga må godkjennast av EFTA-overvakingsorgan ESA, opplyser regjeringa.

Regjeringa foreslår òg å gjenopprette Statens obligasjonsfond for å gi store selskap tilgang til kapital. Det blir sett av 50 milliardar kroner til fondet.

Mandatet for fondet skal utarbeidast neste veke.

– Vi veit at mange bedrifter er i ein krevjande situasjon no, og treng tilgang til pengar for å kome seg gjennom denne tøffe tida. Med desse tiltaka vil det bli enklare for dei å skaffe seg den likviditeten dei treng for å tryggje arbeidsplassane, seier Sanner.

(©NPK)