St. Olavs hospital har fem innlagde koronapasientar

Fem pasientar med koronasmitte er innlagde på St. Olavs hospital i Trondheim. Ingen av dei treng intensivbehandling. Kapasiteten er rekna til 300 pasientar.
innenriks

Det opplyste administrerande direktør Grethe Aasved og konstituert fagdirektør Tom Christian Martinsen på ein pressekonferanse fredag formiddag.

Sju av dei tilsette ved sjukehuset har fått stadfesta koronasmitte, og totalt er 1.000 av dei rundt 10.500 tilsette testa.

– Det er altså veldig låg smitte, understreka Aasved.

St. Olavs hospital har gått ut og bede om hjelp frå frivillige, og så langt har 875 personar meldt seg. Blant dei er helsepersonell, men også ti FN-veteranar som held vakt ved sjukehuset.

Fordi sjukehuset har utsett planlagde operasjonar er belegget no 68 prosent, mot mellom 90 og 100 prosent til vanleg. Sjukehusleiinga jobbar med planar for flytting av pasientar, og ifølgje fagdirektøren vil kapasiteten vere 300 innlagde koronapasientar samtidig.

Sjukehuset ventar å få inn 200.000 kirurgiske munnbind den komande veka, men har som andre sjukehus i landet meldt om minkande utstyrslager.

– Det vi har i hyllene i dag, varer i fire veker, og då seier eg ved normal drift, sa administrerande direktør Grethe Aasved.

(©NPK)