Økonomi og administrasjon det mest populære studiet

Bachelorutdanning i økonomiske og administrative fag var det klart mest populære studiet i 2019. Samtidig har talet på studentar i Noreg aldri vore høgare.
innenriks

I dag er det nesten 300.000 studentar i Noreg. Studenttalet på 296.182 i 2019 er ein auke på rundt 3.000 frå året før – og ein auke frå 235.300 i 2009, melder Statistisk sentralbyrå.

Av kvinner i alderen 19 til 24 år var 43,5 prosent i høgare utdanning i 2019, medan delen for menn var 28,5 prosent.

Med ein del på nesten 10 prosent var bachelorutdanning i økonomiske og administrative fag det mest populære studiet i Noreg i 2019. På andre- og tredjeplass ligg bachelorutdanningar i samfunnsfag og juridiske fag og sjukepleie – begge med over 5 prosent.

(©NPK)