Høie avviser aldersgrenser på intensivbehandling

Den norske helsetenesta kjem ikkje til å setje aldersgrenser for intensivbehandling, seier helseminister Bent Høie (H).
innenriks

– Vi tek ikkje avgjerder om behandling berre ut frå alder i den norske helsetenesta. Det har vi ikkje gjort til no, og det skal vi heller ikkje gjere framover. Alle pasientar skal bli vurdert individuelt, uansett helsetilstand, alder og diagnose, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Pasientar vil bli prioritert ut frå alvorsgrad, kva som er mest effektiv behandling og dei ressursane behandlinga krev. Som følgje av dette vil nokre pasientar vente lenger enn andre på behandling.

– Vi opplever ei krevjande tid der mykje endrar seg, men verdigrunnlaget i helsetenesta endrar seg ikkje, seier Høie.

(©NPK)