Koronatiltak: Politiet får tilsetje inntil 400 mellombels

Justisdepartementet lèt Politidirektoratet tilsetje inntil 400 politifolk for å styrkje bemanninga under koronakrisa. Oppgåver ved grensene blir prioriterte.
innenriks

– I ei svært vanskeleg tid må politiet ha mannskapa dei treng for å sikre tryggleik, lov og orden i Noreg. Derfor styrkjer vi beredskapen i Noreg med inntil 400 politifolk, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

Departementet gav fullmakt til tilsetjingane torsdag. Dei nytilsette skal setjast inn i aktiv polititeneste.

Personane som skal tilsetjast, har fullført politiutdanning, men arbeider ikkje i politiet i dag, opplyser Justis- og beredskapsskapdepartementet.

Først seks månader

Tilsetjingane skal vare seks månader, med moglegheit for forlenging på inntil eitt år.

– Dette skjer i fleire fasar, og i første fase vil særleg distrikt som har vorte pålagde grenseoppgåver, bli prioriterte, det vil seie Aust, Innlandet, Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark politidistrikt, seier Mæland.

I første omgang vil Politidirektoratet (POD) raskt tilsetje inntil 150 personar på bakgrunn av tidlegare rekrutteringsprosessar i politidistrikta. Stillingane vil i hovudsak bli fordelte til distrikt som nyleg har vorte pålagde oppgåver innanfor grensekontroll av indre Schengen.

– Mange motiverte og kvalifiserte

I neste fase legg POD opp til ei utlysing av inntil 250 stillingar. Stillingane vil bli fordelte til politidistrikta med utgangspunkt i eit sett kriterium – blant dei innbyggjartalet og fråværet hos eige mannskap i distrikta.

– Det er mange motiverte og kvalifiserte personar som har søkt jobb i politiet, men som enno ikkje har fått jobb. Dei kan politiet no rekruttere. Denne løysinga vil tilføre politiet ressursar på ein rask og fleksibel måte, seier Monica Mæland.

Ein tredel av siste kull har jobb

Nyleg kom tal som viste at vel ein tredel (36,1 prosent), av studentane frå 2019-kullet var tilsette i politistillingar ved årsskiftet. Om lag éin av fem av desse har fast stilling.

Frå 2018-kullet var talet 80,1 prosent, medan 88,2 prosent frå 2017-kullet var tilsette i politiet.

– Dei nyutdanna har kompetanse og kunnskap etaten treng, men tala viser at det gradvis har teke lengre tid for dei siste årskulla å få både jobb og fast tilsetjing i politiet, sa HR-direktør Karin Aslaksen i Politidirektoratet i starten av februar.