Kristen TV-kanal risikerer solid bot for sal av «virushemmande» kosttilskot

Visjon Noreg risikerer eit gebyr på 250.000 kroner for sal av «virushemmande» kosttilskot. Forbrukartilsynet meiner dei har utnytta frykta for koronasmitte.
innenriks

Visjon Noreg selde kosttilskotet i sin eigen nettbutikk. Der står det at produktet «styrker immunforsvar, er betennelse- og virushemmende» og er «viktig i disse tider», skriv Dagen.

Forbrukartilsynet meiner Visjon Noreg medvite har prøvd å utnytte frykta til befolkninga for å bli smitta med koronaviruset for å auke salet.

– Utforminga av marknadsføringa og tidspunktet for publisering taler sterkt for dette, skriv Forbrukartilsynet i varselet sitt, som Dagen har fått tilgang til.

Styreleiar og pastor Jan Hanvold i TV Visjon Noreg vil ikkje kommentere saka overfor Dagen, men gir ein kommentar til Vårt Land.

– Vi har ikkje fått noka melding frå Forbrukartilsynet enno, men vi vil sjølvsagt komme med ei forklaring til dei, seier Hanvold til Vårt Land.

Forbrukartilsynet ber selskapet om å umiddelbart stanse salet eller endre annonseringa, og dei har fått frist til fredag med å komme med sine kommentarar til varselet. Deretter vil forbrukarstyresmaktene på nytt vurdere om vedtaket blir halde oppe, får Vårt Land opplyst.

(©NPK)