Minst 60.000 nordmenn har meldt seg ut av treningssenter

På to veker har minst 60.000 nordmenn meldt seg ut av treningssenter, ifølgje Virke. Bransjen ønskjer både kompensasjon for stenginga og etter gjenopning.
innenriks

Treningssentera som Virke representerer, har til saman 600.000 kundar. No har 11 prosent av desse meldt seg ut, skriv E24.

Talet er truleg høgare sidan Virke berre representerer 60 prosent av marknaden.

Førre veke anslo Virke Trening at bransjen vil tape 620 millionar kroner ved stenging til 1. mai. Dei ønskjer ein kompensasjon lik den bedrifter har fått i Danmark, der opp til 100 prosent av dei faste kostnadene blir dekte av staten.

(©NPK)