Natur og Ungdom håpar koronakrisa fører til mindre flypendling

Natur og Ungdom håpar erfaringane med heimekontor kan føre til mindre flypendling framover.
innenriks

– Er det noko vi har lært av denne krisa, er det at videomøte fungerer, seier Matilde Løvvik, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom.

Miljøorganisasjonen meiner flypendling fram og tilbake på same dag – som er spesielt vanleg i oljeindustrien – kan reduserast når krisa er over.

Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt viser ifølgje Løvvik at halvparten av alle som pendlar med fly, jobbar i norsk olje og gass.

(©NPK)