Telenor melder om rekordhøg svindeltrafikk

Telenor har registrert ein markant auke i svindelsamtalar den siste tida. Dei sperra over tre gonger så mange svindelsamtalar i veke 12 som i veke 8.
innenriks

– Kriminelle utnyttar digitaliseringa av samfunnet til eigen fordel, også i ein pandemisituasjon som vi er i no, seier Hanne Tangen Nilsen, tryggingsdirektør i Telenor Noreg, i ei pressemelding.

– Koronakrisa skaper uvisse i samfunnet, og vi er alle i ein sårbar situasjon der vi lettare kan la oss påverke. Det kan svindlarane utnytte til sin fordel.

I tillegg til auken i svindelsamtalar, vart det registrert elleve gonger fleire spoofing-oppkall i veke 12 samanlikna med veke 8. Spoofing inneber at svindlarane imiterer norske telefonnummer. Ifølgje Telenors analysar er det spesielt nummer som startar på 908 og 909 som har vorte utnytta dei siste to vekene.

– Sunn skepsis

Også phishing blir brukt meir. Det inneber e-postar der avsendar utgir seg for å vere til dømes ein kjend bank, nettbutikk eller ei strøymeteneste. Desse e-postane inkluderer gjerne skadelege vedlegg, som i desse tidene kan utgi seg for å vere informasjon om koronaviruset.

– Nysgjerrigheita tek lett overhand, men eg tilrår alle å ha ein sunn skepsis når dei får e-post eller SMS frå ukjende, seier Tangen Nilsen.

Falske nettbutikkar

Nettbutikkar kan òg inneber ein viss risiko. Virke har uttalt til NRK at det finst fire til fem gonger så mange falske nettbutikkar som ekte.

– Kjenner du ikkje til nettbutikken frå før, og ikkje er heilt sikkert på om han er seriøs, bør du alltid vere kritisk til butikken før du handlar, seier Tangen Nilsen.

Telenor åtvarar òg mot bruk av offentlege nettverk.

– Dersom du vil vere heilt sikker på at nettet du brukar er kryptert, så tilrår eg å bruke 4G eller VPN (virtuelt privat datanettverk, journ.anm.), seier tryggingsdirektøren


(©NPK)