Ap krev at staten bidreg meir til ny T-banetunnel i Oslo

Den nye T-banetunnelen i Oslo sentrum kan bli utsett til 2035 på grunn av pengemangel. No krev Arbeidarpartiet at staten tek ein større del av rekninga.
innenriks

T-banetunnelen gjennom Oslo sentrum skulle opphavleg stå ferdig før 2030. Prisanslaget er 19,5 milliardar 2021-kroner, men no meiner Oslopakke-sekretariatet at den nye tunnelen blir fem år forseinka, melder NRK.

T-banetunnelen vil gjere det mogleg å doble talet på avgangar gjennom sentrum.

– Vi har foreslått 70 prosent statleg finansiering av T-banetunnelen. Det vil hjelpe mykje, seier Andreas Halse, som representerer Oslo Arbeidarparti i Oslopakke 3-forhandlingane.

Staten har allereie sagt at dei tek halve rekninga for Fornebubanen og sentrumstunnelen gjennom Oslo. Han vil likevel ikkje dekkje signalanlegget til 5,7 milliardar og Majorstuen stasjon som har ein prislapp på 6 milliardar kroner.

Ruter understrekar at sentrumstunnelen ikkje kan kome på plass før nye Majorstuen stasjon er bygd.

(©NPK)