Forsvarets langtidsplan utsett

Framlegginga av Forsvarets langtidsplan er flytta til etter påska. Årsaka er situasjonen på grunn av koronautbrotet.
innenriks

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) sa i februar at planen for perioden 2021 til 2024 skulle leggjast fram i slutten av mars.

No er planen flytta til etter påske, skriv Forsvarets Forum.

– Etter samtalar med partia på Stortinget vil regjeringa ikkje sende over ordinære saker til behandling før påske. Dette kjem av den ekstraordinære situasjonen som følgje av koronautbrotet, opplyser seniorrådgivar Lisa Nordøen i Forsvarsdepartementet.

(©NPK)